Flytting av haldeplassar 2019

Endringane starta 23. april. Sjå bakgrunn for gatestengingane. 

Bergen sentrum: Olav Kyrres gate skal rustast opp og vil vere stengt i litt over eitt år. Det er oppretta nye haldeplassar i sentrum, og mange bussar har endra trasé. Fleire linjer har no start- og endehaldeplass på Bergen busstasjon.

Laksevåg:
Carl Konows gate skal få sykkelveg og Fyllingsveien skal få fortau. Arbeidet vil pågå i fleire faser. Første fase som påverkar bussane varer i ca. 6 månader. Delar av Carl Konows gate blir stengt og einvegskøyrt. Dette gjer at linjene som køyrer mot sentrum køyrer som normalt, og linjene frå sentrum køyrer no Damsgårdsveien. I neste fase vil linjene bruke Damsgårdsveien i begge retningar.

I menyen under finn du informasjon om korleis dette påverkar kvar linje.