Spesielt for ferje

Frå 1. janaur 2020 har Skyss ansvaret for alle 17 fylkeskommunale ferjesamband i Hordaland. Samstundes vert AutoPASS-regulativet og brikkebetaling innført.

Les meir om AutoPASS for ferje her

Rutetider for ferje finn du her

Oversikt over ferjene finn du her

Vegtrafikklova gjeld om bord
Ved ombord- og ilandkøyring og på bildekket gjeld vegtrafikklova og dei føresegner som elles gjeld for køyring med motorvogn. Bilførar har difor vanleg ansvar for køyringa om bord på linje med køyring på landeveg.

Ferjemannskapet dirigerer og assisterer
Signal for ombord- og ilandkjøring og plassering av bilane på ferjedekket, medrekna hengedekk eller nedre dekk, er mannskapet sitt ansvar. Vi ber om at du rettar deg etter dei signal dei gir.

Ikkje alle fartøya er like godt tilrettelagt for funksjonshemma. Dersom du treng hjelp eller har trong for at det blir teke spesielle omsyn, så sei frå til mannskapet ved ombordkøyring.

Barn som reiser aleine: Ta kontakt med mannskap for nærare instruksar.