Bli sett - Bruk refleks!

Du som ferdast langs vegen i mørket: bli sett - bruk refleks. Då blir det enklare for sjåføren å sjå deg ute i trafikken, og når du ventar ved haldeplassen.

Kvifor du burde bruke refleks:

  • Utan refleks er du ikkje synleg før på 25-30 meters hald, medan med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys.
  • Med refleks er risikoen for å bli påkøyrt i mørket redusert med 85 prosent.

Tips til bruk av refleks:

  • Heng refleksen i knehøgde. Då får den mest mogleg lys frå billyktene.
  • Vel helst refleksar som beveger seg, - dei er mest synlege.
  • Legg refleksar i lommene på alt yttertøy. Då gløymer du dei ikkje!

Les meir om bruk av refleks

Verdas største refleks

I oktober 2017 bygget Skyss verdas største refleks på Torgallmenningen i Bergen i samband med "Refleksens dag".
Under kan du sjå video av heile bygginga som tok mange timar.