Voss stasjon: Utbygging av nytt kollektivknutepunkt

Published: 11/15/2016 3:08:54 PM Changed: 12/4/2018 7:17:00 AM

I samband med utbygginga av ny terminal for kollektivtrafikken på Voss, vert det endringar på Voss stasjon. Frå og med måndag 21. november 2016 vert Voss bussterminal stengt. Ein ny mellombels terminal er oppretta på «fengseltomta», om lag 250 meter frå dagens stasjon. Terminalen vil vere operativ i heile byggeperioden, som er rekna å vare i  to og eit halvt år.

«Fengselstomta» gjeld som ny terminal for alle bussar til og frå Voss stasjon, medrekna ekspressbussane. Det er ikkje lagt opp til noka fast perronginndeling. Dagens parkering på sørsida av Voss stasjon blir avvikla, og ei ny pendlarparkering er etablert på nordsida av jernbanelinja. Planen er at terminalen på «Fengselstomta» skal bli avvikla så snart den nye er klar. 

Terminalbygget er fyrste ledd i utbygginga av eit nytt kollektivknutepunkt på Voss. Bak prosjektet står Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Jernbaneverket, Voss kommune og ROM Eigedom/NSB. 

NB! Følg skilting mellom togstasjon og bussterminal.