Voss stasjon opnar 1. januar

Published: 12/6/2019 Changed: 12/13/2019

1. januar 2020 er det klart for busstrafikk på Voss stasjon. Då opnar vi den nye bussterminalen med 7 perrongar (A-G) og det vil bli enklare å byte mellom buss og tog. Dagens haldeplass på "Fengselstomta" blir stengd frå same dato. Det er ca. 2 minutter å gå frå dagens haldeplass til den nye terminalen.

På Voss stasjon finn du følgjande:

  • bussterminal
  • togstasjon
  • sykkelparkering
  • bagasjeoppbevaring
  • venterom
  • Visit Voss
  • Voss Gondol

Voss stasjon frå 1. januar 2020.