Vellukka testing av sjølvkøyrande buss

Published: 5/22/2019 Changed: 6/7/2019

Laurdag 25. mai og søndag 26. mai hadde du sjansen til å sitte på med ein sjølvkøyrande buss.

Den moglegheita var det mange som benytta. Det var til tidar kø for å ta turen ved Lille Lungegårdsvannet desse dagane. Totalt var det 1100 passasjerar som prøvde bussen under prøvekøyringa laurdagen og søndagen. 

Den sjølvkøyrande bussen inngår som ein del av eit større arrangement i regi av Bergen Nå.

Skyss er aktiv i fora for transportløysingar i framtida og har i samarbeid med Bergen kommune etablert MUST - eit laboratorium for utvikling og innføring av fremtidas mobilitetsløysingar. 

Teknologien knytta til sjølvkøyrande bussar har kome langt, og Skyss gler seg over at mange fekk teste denne Skyss-profilerte bussen som ein smakebit på korleis framtidas mobilitetsløysningar kan bli.