Vestlands første sjølvkøyrande buss

Published: 9/13/2021 Changed: 9/13/2021

Torsdag 16. september vart Vestland fylkes første sjølvkøyrande buss sett i trafikk i Førde.

Oppstarten skjedde med ein offisiell seremoni med mellom anna fylkesordførar Jon Askeland på Campus Verftet.

I samband med opninga arrangerte Skyss og samarbeidspartnarane eit webinar om framtidas transport kl.12.30-14.00. Du kan sjå webinaret i opptak her: 

Bussen går mellom Concord og Campus Verftet måndag til fredag kl. 8-17, og det vil vere gratis å ta den. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar og er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Dette er eit pilotprosjekt, og i første omgang skal bussen køyre i Førde i fire månader. Etter piloten vil Skyss vurdere om ein skal nytte sjølvkøyrande buss i andre delar av rutetilbodet. Målet med prosjektet er ikkje berre å teste den sjølvkøyrande bussen på vegen, men også å finne gode forretningsmodellar, god prosjektorganisering og å skape høg nytteverdi for brukarar med ulike behov og under ulike tilhøve. Prosjektet er samfinansiert av Skyss og samarbeidspartnarane Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde i tillegg til sponsorane BKK og Enivest. Vy har kontrakten for busskøyringa.

Bussen har ein vert om bord, som kan overstyre bussen i situasjonar som bussen ikkje sjølv kan handtere. Verten vil også hjelpe og informere passasjerar.