Utbygging av Åsane terminal

Published: 11/10/2017 1:26:25 PM Changed: 11/10/2017 1:27:38 PM

Måndag 13. november startar ei utbygging av Åsane terminal. Arbeidet er planlagt å vere ferdig i slutten av juni 2018. Utbygginga vil skje i fleire etappar og vil føre til følgjande endringar:

Ein del av innfartsparkeringa sør for terminalen vert brukt som anleggsområde. Talet på parkeringsplassar vert derfor minka i perioden. Alternativ parkering finst på innfartsparkeringa ved Horisont.

Når terminalen er ferdigstilt vil parkeringa vere utvida med 20 ekstra plassar i høve til dagens situasjon.

Det skal bli laga ein ny gangtunnel mellom Åsane terminal og Åsane senter. Den nye tunnelen vil vere universelt utforma.

På sjølve terminalen vert det laga ei ny perrongøy for buss, oppstillingsplassar og parkeringsplassar for buss. Det vert óg laga eit kollektivfelt mellom Circle K og Åsane terminal.


Åsane Terminal vert oppgradert. Foto: Skyss