Ta borna med på Trafikktryggleiksdagen på Festplassen!

Published: 9/10/2019 Changed: 9/10/2019

Laurdag 14. september klokka 12-15 på Festplassen vert den årlege Trafikktryggleiksdagen arrangert i regi av Trygg Trafikk og NAF.

Skyss pleier å delta, saman med naudetatane og ei rekkje andre trafikkaktørar.

Du kan mellom anna sjå bilredning av ulike redningsetatar kl. 12.30 og 14.00, sjekke kva ein kan sjå i daudvinklane til ein lastebil, prøvesitje Simon Snorkel, eller vere med på sykkelløype, sykkelverkstad, hoppeslott og ansiktsmaling.

Skyss søkjelyset på trafikktryggleik langs Bybanen, der alle som vil kan setje augo på sauane, og vi har ein quiz til barn og vaksne med fine premiar.

Les meir her

Kom og hils på Ingrid. Og klarer du å setje augo på sauane så dei ser Bybanen kome?

 Ulike redningsetatar er på plass, og det er fleire aktivitetar du kan vere med på.