Testkøyring på den nye bybanetraseen

Published: 7/26/2016 Changed: 7/26/2016

Bybanen opnar frå Lagunen til Birkelandsskiftet 15. august, men allereie no er det full trafikk på den nye traseen. Frå og med måndag 25. juli starta ein nemleg med testkøyring mellom Lagunen og Kokstadflaten. Både bilistar, fotgjengarar og syklistar må ta omsyn til dette når dei ferdast i området. Testkøyringa vil gå føre seg som om banen var i ordinær drift. Bybanen vil stoppe på haldeplassane, men vil ikkje ta med passasjerar. Testkøyringa vil halde fram heilt til opninga 15. august. 

  • Bilistar må vere særleg merksame på vegkrysningar ved Birkelandsskiftet og på Sandslimarka.
  • Fotgjengarar og syklistar må vere merksame på dei ulike krysningspunkta/overgangsmoglegheitene langs det nye banestrekket.

Bybanen frå Lagunen til Byparken går som normalt i heile perioden.

Sjå også:

Birkelandsskiftet parkeringshus er opna 

Nye Birkelandsskiftet terminal åpning for buss