Bryggen stengd 20.-24. juli

Published: 7/11/2019 Changed: 7/11/2019

Tall Ships Races arrangerast i Bergen 21.-24. juli i Bergen. Bryggen blir stengd for bussar frå og me laurdag 20. juli kl. 16.00 til og med onsdag 24. juli kl. 18.00. Bussane køyrer via Øvregaten i stengingsperioden. 

 

Haldeplassar og linjer i retning mot Åsane (mot nord):

  • Haldeplass Bryggen A stengd:
    Alternativ haldeplass for linje 5, 6, 30, 37, 83, 200*: Bradbenken (ved Rosenkrantztårnet) 
    - Alternative haldeplassar for linje 10 og 18: Fløybanen eller Skuteviksveien (linje 18) / Helgesens gate (linje 10)

  • Haldeplass Bryggen B stengd: 
    - Alternativ haldeplass for linje 3, 3E, 4, 4E, 30E, 91, 300*, 340*Bradbenken (ved Rosenkrantztårnet)

  • Haldeplass Sandbrogaten stengd: 
    Alternativ haldeplass for linje 10 og 18: Fløybanen (ved Christi Krybbe)
    - Haldeplass er open for linje 
    3, 3E, 4, 4E, 5, 6, 33, 83, 91.

* Nattavgangar. På dagtid køyrer desse linjene som normalt via Fløyfjelltunnelen.

 

Haldeplassar og linjer i retning frå Åsane (mot sør):

  • Haldeplass Bradbenken stengd:
    - Alternativ haldeplass for linje 3, 3E, 4, 4E, 5, 6, 33, 83, 91: Sandbrogaten (stengd for linje 10 og 18)

  • Haldeplass Torget Q stengd:
    Alternative haldeplassar for linje 3, 3E, 4, 4E, 33, 83, 91: Sandbrogaten eller Småstrandgaten M 
    - Alternative haldeplass for 5 og 6: Sandbrogaten eller Torget R
    Alternative haldeplass for 10 og 18: Mariakirken eller Torget R

  • Haldeplass Øvre Dreggsallmenningen stengd:
    Alternativ haldeplass for 10 og 18: Mariakirken

 

Ekstra kapasitet søndag 21. juli og tysdag 23. juli

Det blir satt inn ekstra busser på følgande strekningar: 

Straume terminal – Bergen busstasjon: mellom kl. 12:00-24:00 søndag, og mellom kl. 13:00-24:00 tysdag.

Kleppestø –Bergen busstasjon: mellom kl. 12:00-24:00 søndag, og mellom kl. 13:00-24:00 tysdag.

Linje 300: Knarvik skysstasjon – Bergen busstasjon: mellom kl. 12:00-24:00 søndag, og mellom kl. 13:00-24:00 tysdag.

Linje 600: Osøyro – Bergen busstasjon: Mellom kl. 12:00-24:00 søndag, og mellom kl. 13:00-24:00 tysdag.

Bussane vil køyra til oppsett rutetid.

 

Bybanen: vil køyre kvart 5-10. minutt i tidsrommet mellom kl. 14:00-24:00 søndag og tysdag.

NB! Ekstra avgangar med Bybanen vil føre til misvisande ruteinformasjon.