Talet på kollektivreisande i Hordaland aukar og aukar

Published: 9/7/2018 Changed: 9/7/2018

Reisetala for første halvdel av 2018 syner at den sterke veksten i kollektivtrafikken i Hordaland held fram.

Talet på reiser med buss i Bergensområdet var på 25,4 millionar i første halvår av 2018, mot 24,7 millionar i same periode i fjor. Dette utgjer ein vekst på om lag 3 prosent.

– Etter fylkestingsvalet i 2015 har Arbeiderpartiet, Krf, Sp og SV prioritert kollektivtrafikken. Det kan vi sjå resultata av no, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

10 prosent auke for Bybanen

Bybanen hadde nær 6,1 millionar påstigingar i første halvdel av 2017. I 2018 er det tilsvarande talet nær 6,7 millionar. Auken er dermed på 10 prosent for Bybanen.

– Talet på reisande med kollektivtrafikken i Hordaland aukar kraftig. Statistikken er eit tydeleg teikn på at Bybanen er ein suksess, og eit resultat av politisk satsing og dyktige tilsette i Skyss, seier Hestetun.
I Hordaland utanfor Bergen er reisetala for buss uendra i høve til i fjor.

– Vi er spente på å sjå om endringa av takstsoner vil ha innverknad på reisetala i fylket elles. Dette vil vi først sjå når det har gått ei tid, seier Hestetun.

10 prosent fleire reisande med snøggbåt

For snøggbåtsambanda har det vore ein vekst i reisetala på 10 prosent, med 585 000 reiser i første halvår, mot 534 000 reiser i same periode i fjor. Det er båtsambandet Askøyruta som har hatt den største veksten, med 14,3 prosent fleire reisande i perioden.

Saka er henta frå Hordaland.no