Aldri har fleire reist kollektivt

Published: 2/19/2016 Changed: 2/19/2016

Talet på reisande med kollektivtrafikk i Hordaland har auka markant dei siste åra. I 2015 auka passasjertala ytterlegare med nær 3 prosent. I alt var det over 54 millionar kollektivreiser i Hordaland i 2015.

I Bergensområdet var det 3 prosent fleire påstigingar på buss og bybane i 2015 enn i 2014, mens veksten i busstrafikken i Hordaland elles også var på om lag 3 prosent. Talet på bussreisande har totalt sett auka med 2 prosent. 

Direktør i Skyss, Oddmund Sylta, er godt nøgd med tala som held fram å stige. 

– Bybanen er blitt endå meir populær, seier Sylta.

Nær 10 millionar påstigningar på Bybanen

Bybanen hadde totalt 9,9 millionar påstigande passasjerar i 2015. I 2014 var talet 9,4 millionar.
Dette utgjer ein vekst på om lag 6 prosent.

Det kan verta fullt på Bybanen når så mange vel å reise med den. 

– Vi slit med kapasiteten til enkelte tider. Difor gleder vi oss veldig til alle dei nye og lengre vognene kjem i drift til sommaren, det vil ha mykje å seia, seier Sylta.

Båtpassasjerar utgjer to prosent

Snøggbåt har hatt den største prosentvise auken med om lag 16 prosent, men totalt sett utgjer båtpassasjerane to prosent av dei kollektivreisande i fylket, noko som er uendra frå i fjor. Det har vore ein svak nedgang i talet på båtreisande i distriktet, medan Askøybåten og Nordhordlandsbåten har hatt ein svært positiv utvikling.

Folkeveksten i Bergen har vore 1 prosent i 2015, og folkeveksten i Hordaland totalt har vore 1,1 prosent.

  

 Bybanen er blitt endå meir populær og hadde nær 10 millionar passasjerar i fjor.