Takk, sjåfør!

Published: 3/18/2019 Changed: 3/18/2019

Kvar einaste dag, døgnet rundt, har Skyss sine operatørar sjåførane sine ute for å bringe alle reisande trygt til og frå heimen til jobb, skole og andre aktivitetar. 73 millionar kollektivreiser vart gjort i Hordaland i fjor, og kvar einaste ein er avhengig av at nokon fører bussen, banen eller båten. Skyss vil på "Sjåførenes dag" takke alle dei nærare 1800 dyktige sjåførane som utfører denne viktige og ansvarsfulle jobben her i Hordaland. 

Her er nokon av dei mange gode tilbakemeldingane våre sjåførar får.

 

Har du takka din sjåfør?

Sjå den internasjonale sida for sjåførdagen