Busstilbodet i Bergensområdet vert pussa opp og kollektivnettet skal bli meir attraktivt og samanhengande og gi fleire reisemoglegheiter. Om lag 50 av linjene får små eller store endringar og dette kan påverke dei fleste som reiser i bergensområdet. Olav Kyrres gate opnar for trafikk og bussane vil igjen køyre der frå 25. mai. Haldeplassane i sentrum vert dermed endra. Det kjem fleire nye linjer, fleire linjer får nytt nummer, ny trasé og/eller nye haldeplassar.
Sjå hovudendringane og alle detaljane for kvar linje her
Hovudmålsettinga med endringane er å:
- Reindyrke hovudlinjene og samspelet mellom dei
- Det blir oftare avgangar på fleire av linjene
- Gjere det enklare å bytte mellom linjer
Les meir om bakgrunnen for endringane her
Olav Kyrres gate blir frå 25. mai igjen eit viktig kollektivknutepunkt i Bergen sentrum.