Stadig fleire bergensare vel bort bilen

Published: 3/8/2019 Changed: 3/8/2019

Prosentdelen bilreiser i Bergen fortset å gå ned. Samtidig vel stadig fleire bergensarar å reise miljøvennleg.

Det viser foreløpige berekningar av data frå den nasjonale reisevaneundersøkinga (RVU) for 2017*.

 

Dei føregåande RVU-ene for Bergen kom i 2008 og 2013. Tala for 2017 viser ei tydeleg, miljøvennleg utvikling i reisevanane til bergensarane.

Frå 2008 til 2017 blei det 30 000 fleire bergensarar. Likevel gjekk delen bilistar ned frå 50,9 til 43,8 prosent.

Fleire går, syklar og reiser kollektivt

Ein av fire reiser blir gjort til fots. Delen gåande er oppe i 25,6 prosent i 2017, ein auke på 3,1 prosentpoeng frå 2008. Sykkeldelen aukar også. Av alle reisene i Bergen blei 4,3 prosent gjort med sykkel i 2017, ein god oppgang frå 3,4 prosent i 2013.

Delen kollektivreisande er oppe på 17,2 prosent i 2017 – ein auke på heile 4,3 prosentpoeng samanlikna med 2008. Denne utviklinga er i tråd med auken i Skyss sine passasjertal.

– Vi er glade over å sjå at delen kollektivreisande aukar og aukar og aukar. Vi har satsa mykje på kollektivtrafikken og ser at den er ein stor suksess, seier fylkesordfører Anne Gine Hestetun.

I tråd med ønska byutvikling

Byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti, gler seg også over dei nye reisevanetala for Bergen.

– Det er svært gledeleg at vi allereie leverer så godt på målet til Miljøløftet om nullvekst og målet i Grønn strategi om ti prosent nedgang i personbiltrafikken innan 2020. At fleire bergensare går, syklar og reiser kollektivt tyder mindre kø, mindre støy og reinare luft – kort sagt, ein betre by for alle. 

*Dei presenterte RVU-tala er baserte på data for i hovudsak seks av tolv månader i 2017. Mindre endringar kan komme.

Informasjonen er henta frå Miljøløftet.no