Sommarruter frå 22. juni

Published: 6/5/2020 Changed: 6/16/2020

Frå 22. juni til og med 9. august køyrer vi sommarruter i følgjande områder:   

  • Bergen sentrum, inkl. vest og Åsane
  • Fana, Ytrebygda og Os
  • Sotra og Øygarden 
  • Askøy
  • Nordhordland
  • Sunnhordland
  • Osterøy og Arna

Rutetabellar for buss finn du her

Rutetabell for Bybanen finn du her

Nordhordlandsbåten vert innstilt frå og med 6. juli til og med 24. juli. Periodebillett båt Nordhordland kan brukes på buss i dei to ukene båten er innstilt.

Korona-sommar
Vi har forsøkt å løyse sommarrutene på andre måtar i årettersom smitteverntiltaka har ført til utfordringar med kapasitet på enkelte linjerLikevel kjem vi ikkje utanom at sjåførar, vognførarar og anna mannskap - som har stått på i ein tøff periode - skal avvikle ferie. I tillegg vil store kostnadar for å auke tilbodet i fellesferien i år kome i tillegg til allereie store økonomiske tap som følgje av mangelen på reisande gjennom våren. I sommarvekene er det som regel 30-40 prosent færre reisande enn elles i året, og for å oppretthalde rutetilbodet vi har til dagleg er vi nøydde til å redusere tilbodet i denne perioden – også i år.  
 
Vi er leie for at sommarrutene fører til eit redusert tilbod for mange, men det er dessverre ikkje gode alternativ til dagens praksis.

Vi minner om passasjerbegrensning og smitteverntiltaka som gjeld.


God sommar!