Skyss styrker tilbodet frå Haukelandsområdet

Published: 9/3/2020 Changed: 9/3/2020

Frå og med 3. september styrker Skyss busstilbodet frå området ved Haukeland og Haraldsplass i ettermiddagsrushet.

Skyss har sidan skolestart følgd nøye med på utviklinga i talet på reisande og ser at reisemønstra no stabiliserer seg etter ferien. I Bergen er det særleg nokre tidspunkt og strekningar der det gjentar seg med litt for mange reisande i høve nasjonale retningslinjer for kollektivtrafikk og smittevern.  

Fleire bussavgangar

Frå og med torsdag 3. september set vi difor inn fleire bussavgangar mellom Bergen sentrum og Haukeland universitetssjukehus i tidsrommet 14.00-17.30. Her er talet på reisande per avgang høgast, i tillegg til at det er ønskjeleg å prioritere helsearbeidarar på veg til og frå jobb. 

I eit kort tidsrom rett rundt klokka 15 er det særleg mange reisande ved Haukeland, og Skyss oppmodar reisande som kan om å framskynde eller utsetje reisa si litt, for å unngå for mykje trengsel.

Ekstrabussane vil køyre kvart 10.-15. minutt mellom Haukeland sjukehus Sør og Småstrandgaten og nytte same haldeplassar som linje 2 og 3. 

Skyss held fram arbeidet med å overvake passasjertal og trengsel framover.

Her kan du sjå kapasitet på alle avgangane og planlegge reisa di

Sjå koronareglane i kollektivtrafikken