Skyss støttar Regnbogedagane

Published: 6/6/2019 Changed: 6/7/2019

«Regnbogedagane» blir arrangert i perioden 1. - 8. juni.    

Fylkestinget i Hordaland har vedtatt ein eigen handlingsplan mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. For å støtte oppunder dette, vil Skyss pynte bussar og bybanevogner med regnbogeflagg under «Regnbogedagane» i Bergen, som tidlegare år.

På Bybanen kan du sjå regnbogeflagga heile veka, medan på bussane i bergensområdet vert det flagg på paradedagen 8. juni. 

 

Prideparade laurdag 8. juni

I samband med Regnbogedagane går årets prideparade av stabelen laurdag 8. juni. Paraden startar klokka 13.00 og går frå Bryggen via Torget - Strandkaien - Veiten - Ole Bulls plass til Festplassen. Ein må forvente store forseinkingar i busstrafikken til og frå sentrum medan paraden går.

Du finn meir info på https://bergenpride.no/