Skyss fyller 10 år!

Published: 11/16/2017 9:54:38 AM Changed: 11/16/2017 11:48:00 AM

Når Skyss feirar sitt 10-årsjubileum i desse dagar, markerer det samstundes den enorme kollektivreforma som er gjennomført i Bergen og Hordaland det siste tiåret.

Skyss vart etablert 17. november 2007 for å administrere kollektivtrafikken i Hordaland. Bakgrunnen for etableringa var at Fylkestinget ville samle og konkurranseutsetje busstrafikken. Etter kvart fekk Skyss òg ansvar for bybane, snøggbåt og ferje.

Den første direktøren i Skyss er den same som sit i sjefsstolen i dag, Oddmund Sylta. Han har arbeidd med transport i heile sin yrkeskarriere og kom til Skyss frå SAS. Men det har ikkje mangla høgtsvevande tankar på kollektiv-landjorda. Ambisjonane var store for den vesle organisasjonen som opna kontoret sitt på tampen av året 2007.

Nokre få medarbeidarar skulle setje i verk det som politikarane og samferdselsavdelinga i fylkeskommunen hadde jobba med i nokre år. Skyss vart organisert som ein såkalla ytre eining under samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.  

Bussparken til Skyss: Frå bussar i alle fargar til meir heilskap.

Stor passasjerauke

Sidan etableringa i 2007 har Skyss medverka til store endringar i kollektivtrafikken. Passasjerveksten i heile Hordaland på dei ti åra frå 2007 til 2016 var på 55 prosent, frå 36 til 56 millionar reisande. Dei største endringane har skjedd i Bergen, og innanfor Bergen kommune var det heile 89 prosent fleire påstigande passasjerar i 2016 enn i 2007. Det var over 43 millionar reiser i Bergen i 2016, og over 10 millionar av desse var med Bybanen.

Bybanen

Direktør i Skyss, Oddmund Sylta

Ei av de største endringane i kollektivtrafikken har vore nettopp at Bergen har fått Bybanen. Oddmund Sylta synest at dette har vore spesielt spennande. 

– Bybanen har det vore gøy og utfordrande å få vere med på. Med bybanesatsinga har vi bokstaveleg tala sett spor etter oss, smiler direktøren.

Før starten til Skyss vart det utvikla ein eigen grafisk profil, som var kvit og grøn. Då Bybanen kom i 2010 vart ein samd om å ha lik utforming på all kollektivtrafikk i Hordaland, og Skyss fekk då sin karakteristiske, rød-oransje logo. Med lange kontraktsperiodar tek det tid å gjere profilendring på alle transportmidla i fylket, så den grøne logoen finst framleis – enn så lenge – på bussane i Nordhordland.  


Øvst ser du ruteinformasjon på terminal før mot korleis det er no på bilete under.  

Store oppgåver

Det er store tal i forvaltninga av kollektivtransporten. Kontraktane til Skyss omfattar 770 bussar, 28 bybanevogner, 17 ferjesamband og 9 båtsamband, som kvar dag er i sving for å frakte innbyggarane i Hordaland dit dei skal. Skyss har mellom anna ansvar for skuleskyss, inkludert individuelt tilrettelagt skuleskyss med drosje.

Oppgåvene til Skyss har vakse betydeleg sidan starten. Oddmund Sylta husker at det kunne gå litt fort i svingane i byrjinga.

– Vi starta opp svært mykje på ein gong, både nye kontraktar, nye ruter og nytt billettsystem. Det ble mye å halde seg til for alle partar, og det vart nok for mange endringar samstundes. Det var ikkje så smart, og vi fekk beskjed frå høgaste hald om å rydde opp.

At Skyss og kollektivtrafikken engasjerer folk, er heilt sikkert.

– Det er slik vi vil ha det. Tenk om folk var likegyldige til det vi driv med! Dette er ein bransje der det er vanskeleg å gjere alle til lags. Men når folk seier frå, veit vi kva vi skal jobbe vidare med. Kollektivtenestene er noko som er viktig for svært mange menneske i kvardagen deira, seier Sylta. 

I løpet av dei siste ti åra er det stilt vesentleg strengare krav til kollektivsektoren. Det er mellom anna lovfesta universell utforming, det vert stilt utsleppskrav til alle typar transportmiddel, og det er sett ambisiøse mål for kollektivtrafikken på lengre sikt. I 2014 vedtok Fylkestinget kollektivstrategien for Hordaland, med eit perspektiv fram mot 2030. Det overordna politiske målet både nasjonalt og lokalt er at det ikkje skal bli fleire bilar på vegane, sjølv om innbyggartala er venta å auke med 40 prosent fram mot 2040. Det kosta over 2,4 milliardar å drive kollektivtrafikken i Hordaland i fjor, og dette talet må bli auka år for år dersom den langsiktige kollektivstrategien skal la seg gjennomføre. Noko Skyss-direktøren trur blir utfordrande framover. 

– Finansieringa av heile mobilitetsområdet vil bli ei kjempeutfordring. Dei reisande sjølv stiller òg stadig større krav, i takt med at tenestene blir betre. Vi må tenkje breiare og ikkje berre på buss, bane og båt, men òg leggje til rette for meir gange, sykling og meir individualiserte transportløysingar for å møte framtida, trur Sylta.

Skyss sin oppgåve er å tenkje på heilskapen i kollektivtransporten.

– Vi vil halde fram med å koordinere alt rundt kollektivtrafikk med merkevaren Skyss gjennom buss, bane, ferje og båt. Dette er kanskje det viktigaste vi har fått til og lukkast med sidan starten. Alt skal hengje saman og vere integrert. Vi vil jobbe for at dei reisande skal få ei mest mogleg saumlaus reise, noko som jo er eit gigantisk puslespel kvar einaste dag, erklærer Sylta.

Før og no - Sjå dei store endringane i bileta under! 

Christies gate ved Festplassen

Austsida av Festplassen

Kundesenteret til Skyss

Nordahl Bruns gate i Bergen sentrum


Olav Kyrres gate i Bergen sentrum


Olav Kyrres gate i Bergen sentrum


Ruteinformasjon før og no


Billettar før og no


Birkelandsskiftet terminal

Busstasjonen terminal, oppgang til buss og Bybanen


Busstasjonen terminal 

Lagunen terminal

Nesttun terminal


Åsane terminal