Nytt sambruksfelt i Fjøsangerveien

Published: 2/18/2016 Changed: 3/7/2016

Frå onsdag 9. mars klokka 12.00 vert høgre køyrefelt i deler av E39 Fjøsangerveien i retning sentrum omgjord til sambruksfelt på strekninga litt etter krysset ved Straumevegen (Krambua) til krysset ved Kanalveien, til saman 427 meter. Sambruksfeltet er reservert for buss, taxi, elbil, motorsykkel utan sidevogn, moped, sykkel og personbiler med én eller flere passasjerer.

Sambruksfeltet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen. Tiltaket er eit av fleire tiltak som skal medverke til mindre biltrafikk inn mot sentrum, at fleire skal samkøyra med bil og at bussane skal koma raskare fram.

Det er vedteke politisk av Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune at sambruksfelt skal innførast på innfartsårene til Bergen sentrum. Klimaplan for Hordaland 2010-2020 ligg óg til grunn, vedteke i Fylkestinget i 2010. Tiltaket er godkjent av Vegdirektoratet. 

Sambruksfeltet er eit prøveprosjekt som skal vare i 2 år, og vil evaluerast undervegs og etterpå.

Sambruksfelt

Sjå meir informasjon på sidene til: 

Bergen kommune

Desse busslinjene trafikkerer strekninga:

  • Frå Kråkenes til Danmarksplass/sentrum: Linje 14
  • Frå Bønes til Haukeland universitetssjukehus: Linje 25
  • Frå Ytrebygda via Straumevegen til sentrum: Linje 51, 52
  • Frå Fana/Ytrebygda via Sjølinjen til Danmarksplass/sentrum: Linje 53, 60, 67
  • Frå Lagunen via Sjølinjen til Danmarksplass/Åsane: Linje 26
  • Frå Os via Sjølinjen til sentrum: Linje 600 (berre avstiging f.o.m. Skjoldskiftet)

Planlegg reisa med appar frå Skyss