Reisar du med tog mellom Bergen og Voss?

Published: 12/8/2020 Changed: 12/8/2020

Frå og med 13. desember kan du reise med utvalde Skyssbillettar mellom Bergen og Voss (Vossebanen).

Billettsamarbeidet mellom Skyss og Vy blir utvida frå og med 13. desember 2020. Samarbeidet inneber at utvalde Skyssbillettar er gyldige på lokaltog til Arna og Voss, Vossebanen. 

Utvida takstsamarbeid 

Skyss og Vy har sidan 2017 hatt billettsamarbeid om periodebillettar på lokaltog til Arna. No blir samarbeidet utvida til å gjelde enkeltbillettar og 24-timersbillettar til Arna/Trengereid, og periodebillettar til Voss. 

Frå 13. desember 2020 kan ein nytte følgjande Skyssbillettar på tog: 

  • Enkeltbillettar og 24-timersbillettar mellom Bergen og Arna/Trengereid (sone A)

  • 7-, 30- og 180-dagars periodebillettar på heile strekninga mellom Bergen og Voss (sone A, E og F). Dette tyder at dagens kombinasjonsbillettar buss/tog blir avvikla. 

  • 30-dagers ungdomsbillett mellom Bergen og Vieren 

Billettane gjeld òg ved overgang til buss og Bybane 

Billettane kan kjøpast både i Skyss og Vy sine kanalar, og gjeld vidare ved overgang til buss, bybane og Askøybåten. Vi gjer merksam på at billettane ikkje gjeld på fjerntog (toget mellom Bergen og Oslo).  

Sonekart med tog fra Bergen til Voss