Rutetilbodet for dei nye ferjene er ferdig

Published: 11/19/2019 Changed: 11/19/2019

Rutetabellane for alle ferjesambanda som får nye kontraktar 1. januar og for busstilbodet som er tilpassa desse, er no klare. Skyss takkar dei involverte kommunane for god dialog i prosessen.

Frå nyttår blir det mange endringar i ferjetilbodet i Hordaland, i samband med at ferjene på 14 ferjesamband på fylkesvegane får nye kontraktar. Ferjene blir også skifta ut med nye og ombygde, hybridelektriske ferjer. Elektrisk drift vil føre til litt endra rutetider som følgje av ladetid ved kai. Det er gjort eit omfattande arbeid med nye rutetider for ferjetilbodet og tilpassing av busstilbodet, ikkje minst på bakgrunn av dialog mellom Skyss og kommunane det gjeld.
 
Rutetabellane er no ferdigstilt og du finn ferjerutane frå 1. januar 2020 her
 
Ferjekontraktane som starta opp i 2018 (Austevoll-sambanda) og i 2019 (Masfjordnes-Duesund) får ikkje endra rutetider i denne omgang.