Ruteomlegging frå hausten for deg som bur i Bergen nord

Published: 6/21/2018 10:59:03 AM Changed: 6/21/2018 11:52:35 AM

Frå haustrutene blir det endringar i rutetilbodet for Nordhordland, linje 210 Osterøy og fleire linjer til/frå Åsane.

16. august startar ny busskontrakt i Nordhordland og det blir gjort endringar i køyremønsteret for bussar mellom Bergen og Nordhordland. Haustrutene elles startar 13. august.  

Les om endra tilbod og nye bussar i Nordhordland i august her

Ei hovudendring er at  fleire av dagens linjer mellom Åsane og Bergen sentrum vil gå gjennom Fløyfjelltunnelen. Dette har det vore stor etterspurnad om.  

Desse linjene vil gå gjennom Fløyfjelltunnelen og nokre linjer får ekstra avgangar:

  • Linje 32 Skinstø-Åsane - Bergen Busstasjon 
  • Linje 36 Klauvaneset-Åsane – Bergen Busstasjon
  • Linje 39 Åsane - Bergen Busstasjon
  • Linje 210 Osterøy - Bergen Busstasjon

Her er endringane for kvar linje:

Linje 32 Skinstø-Åsane-Bergen Busstasjon 

  • Dagens linje 32 og 32E blir slått saman til ei linje, linje 32, med to variantar: Skinstø-Åsane og Skinstø-Åsane -Bergen Busstasjon.
  • Dagens tilbod på linje 32 Skinstø-Åsane blir uendra.
  • Dagens linje 32E blir ei forlenga variant av dagens linje 32 Skinstø-Åsane -Bergen busstasjon, og skal gå i rush. Linja skal stoppe for av- og påstiging på alle stopp langs traseen (Eidsvåg E39, Handelshøyskolen og Gamle Bergen).
  • Linja er styrka med to nye avgangar frå Bergen busstasjon. Elles inga endringar i talet på avgangar frå dagens 32E.

Linje 36 Klauvaneset-Bergen Busstasjon

  • Den einaste endringa for linje 36 for turane Klauvaneset-Bergen busstasjon blir at den blir køyrd via Fløyfjelltunnelen i staden for gjennom Sandviken.
  •  Linje 36 Klauvaneset-Bergen busstasjon får dermed lik trasé som ny linje 300 gjennom Bergen nord, unntatt over Nyborg.
  •  Linje 36 Klauvaneset-Åsane (den «lokale» delen av linja) får auka kapasitet med fleire avgangar og halvtimes frekvens lokalt i Åsane store deler av dagen. Dette er blant anna gjort for å betene dei store reisestrømmane frå Nyborg, primært skoleelevar på ettermiddag.
  •  Direkteturen klokka 15:12 fra Hordvikneset til Bergen busstasjon blir innstilt og erstatta av ein ordinær tur klokka 15:15.

Linje 39 Åsane -Bergen Busstasjon

  • Linje 39 går mellom Åsane terminal og Bergen Sentrum på kvardager (ikkje helg). Linje 39 betener nedre Åstveit i retning sentrum.
  • Når linje 39 går gjennom Fløyfjelltunnelen vil den gjennom heile dagen gi et ekstra tilbod for reisande i Bergen nord. Den vil også gi en rask reise for reisande frå Handelshøyskolen til Sentrum.

Linje 210 Lonevåg-Valestrandsfossen-Breistein-Bergen busstasjon

  •  Linje 210 får ny trasé gjennom Fløyfjelltunnelen. Elles ingen endringar.

Linje 300 Knarvik-Åsane terminal-Bergen busstasjon

  • Ny linje 300 erstattar dagens linje 320 og 301. Linje 300 skal gje ein rask forbindelse til Bergen. Denne stoppar på alle haldeplassar, inkl. Eidsvåg E39, Handelshøyskolen og Gamle Bergen.

Linjer frå Nordhordland skal ikkje lenger betene Vikaleitet og Nyborg, og dei får direkte trase til Bergen busstasjon gjennom Fløyfjelltunnelen.

Sjå linjekart for Åsane frå 16. august

Les om omlegginga til nye takstsoner i Hordaland frå 1. august

Les om endringane i Nordhordland frå 16. august

Ordinære haustruter elles i Hordaland startar måndag 13. august.