Parkeringsoblaten blir digital

Published: 6/28/2021 Changed: 6/28/2021

Parkeringsoblaten blir digital og vil no vera eit «parkeringsbevis» i appen Skyss Billett.

Parkeringsbeviset er heilt gratis for deg som har periodebillett (7-, 30- eller 180-dagar) og vil berre vere synleg i menyen for dei med denne billettypen.  

Om parkeringsbeviset 

Ved å legge inn skiltnummer i parkeringsbeviset, vil beviset fornyast automatisk kvar gong du kjøper ein periodebillett i sone A. Du vil ha moglegheit til å legge til to skiltnummer, men berre ein bil kan stå parkert gratis om gongen.  

Du vil ikkje lengre kunne hente ut fysiske parkeringsoblatar hjå tidlegare oblatutstedarar som for eksempel på Circle K. Om du nyttar Skysskortet kontakt vårt kundesenter eller les her