Parkering for alle ved to kollektivterminalar

Published: 3/23/2018 2:12:56 PM Changed: 3/23/2018 2:46:44 PM

To innfartsparkeringar i Bergen blir opna for vanleg parkering. Det er parkeringshuset ved Birkelandsskiftet terminal og uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane. Det kostar 30 kroner dagen å parkere her.

Til no har desse parkeringsplassane vore reservert for reisande med periodebillett. Men ein del parkeringsplassar har vore ledige. Dette har publikum og politikarar lagt merke til, og dei ønskjer at andre og kan nytte dei. No er det difor bestemt at alle skal kunne bruke desse parkeringsplassane som ei straksløysing. 

Parkeringshuset ved Birkelandskiftet terminal blir opna 27. mars for allmenn bruk, mens uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane blir opna over påske når ny skilting og billettautomat er på plass. 

258 parkeringsplassar 

Ved Birkelandsskiftet terminal er det etasje 0 (innkøyringsetasjen) som blir opna 27. mars for allmenn parkering. 1. etasje blir framleis reservert for reisande med periodebillett. Ny skilting og betalingsautomat er installert, ved trappehus/heis. Det er ingen bom. Du køyrer inn, parkerer og betalar 30 kroner anten på automaten eller via appen til Europark. Det står informasjon om dette på staden. Du kan ikkje nytta appen "Skyss Billett". Det er totalt 258 parkeringsplassar her. 

Maksimum parkeringstid er 20 timar. Ved kontroll, blir bilskiltet scanna. Nummeret blir registrert ved innkøyring. Det er gratis parkering frå kl. 18.00 til kl. 06.00 og i helgane. Halvparten av ladeplassane i etasje 0 er reservert for betalande, men den andre halvparten for reisande med periodebillett. 

Opnar over påske 

Uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane opnar over påske når det er mogeleg å gjennomføre gravarbeidet. Her er det 105 parkeringsplassar som alle blir tilgjengelege anten med periodebillett (oblat i vindauget) eller via betaling. Det er ikkje nødvendig med kvittering i vindauget. Kontrollørane scannar bilskiltet for å sjekke betaling. Legg merke til at parkeringa ved sjølve terminalen ved Storavatnet framleis berre er for periodebillett. 

At det blir opna for allmenn parkering medfører inga endring for reisande med periodebillett. Dei parkerer, med synleg oblat, på same måte som før i område avgrensa til dette føremålet.

Saken er frå Hordaland fylkeskommune si nettside

Les om parkeringshuset på Birkelandsskiftet her

Her kan du lese korleis innfartsparkering fungerer og sjå oversikt over alle parkeringsplassane