Nye ferje- og bussruter i Austevoll frå 1. januar

Published: 12/12/2018 Changed: 12/12/2018

Rutene som vert endra frå 1. januar er: 

Ferjesambanda: 

  • Hufthamar – Krokeide
  • Husavik – Sandvikvåg

Bussar: 

  • 530  Stolmen - Hufthamar - Bergen
  • 531  Drøna - Hufthamar
  • 532  Storekalsøy – Eidsbøen
  • 60  Fana – Lagunen terminal
  • 61 Krokeide – Lagunen terminal

Båt:

  • Lokalbåt Austevoll

Her er buss- og båtruter for Austevoll frå 1. januar 2019 

Her er bussrutene for linje 60 og 61 frå 1. januar 

På Fjord1 sine nettsider finn du ferjerutene

Bakgrunnen for endringane

I fjor starta Skyss opp ein ny generasjon ferjekontraktar i Hordaland. Dei inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk. Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av drivstoff vesentleg.

No skal dei første el-ferjene kople seg på dei nye lade-anlegga som er installert på ferjekaiane på sambanda Krokeide-Hufthamar og Husavik-Sandvikvåg. Dette startar med ein testfase frå 1. januar 2019 og vert gradvis 100 % elektrifisert i løpet av våren. Ferjene treng noko lengre tid ved kai for å lade batteria, og difor vert ferjerutene justerte. 

Ei anna endring er at siste ferja Krokeide-Hufthamar klokka 00.20 natt til laurdag vil frå 1. januar gå klokka 23.30. 

Ferjesambanda har fått kraftig auke i kapasiteten og har no svært få som må vente på neste ferje. Sommarsesongen er utvida med to månadar og rutesikkerhet og reserveferjesituasjonen er sterkt forbetra.  

For å syta for best mogleg tilpassing til ferjeavgangane, vert også bussrutene i nærleiken justerte. 

Les meir om miljøpris til Hordalands el-ferjer  

MF Møkstrafjord har plass til 130 personbilar og 299 passasjerar.