Nye Arna terminal opna 1. oktober

Published: 9/13/2018 12:04:42 PM Changed: 9/27/2018 8:29:35 AM

I september 2017 blei Arna bussterminal mellombels flytta på grunn av flomsikring av elva under terminalområdet. Dette arbeidet er no ferdig, og den oppgraderte terminalen blei opna måndag 1. oktober av fylkesordførar Anne Gine Hestetun.   

Nye Arna terminal har fått to nye perrongar, og har no totalt fire perrongar (A, B, C, D).

Den nye terminalen er universelt utforma. Perrongane er merka med perrongsøyler og har ein felles skjerm med sanntidsinformasjon. Ved å trykke på ein knapp, kan du få høyre opplesing av kommande avgangar.

Du finn ein billettautomat på terminalen.

Frå terminalen er det gangtunnel til Arna togstasjon og Øyrane torg.

Dersom det blir behov for «buss for bane», vil dei bli køyrd frå eit eige område øst for Arna terminal, der den mellombelse terminalen låg.

Sjåførane får eiga sjåførbu på terminalen.

Oversikt over busslinjer/perrong frå Arna terminal

Perrong A:
Linje 91 Åsane terminal
Linje 92 Garnes – Takvam
Linje 95 Trengereid
Linje 200 Haus – Lonevåg
Linje 201 Bruvik

Perrong B:
Linje 90 Nesttun terminal
Linje 93 Espeland
Linje 94 Osevatn

Perrong C:
Linje 900 Dale
Linje 925 Norheimsund – Granvin
Linje 930 Norheimsund – Odda
Linje 934 Tysse
Linje 950 Voss – Gudvangen
Øst-vestXpressen
Sognebussen 

Vi ønsker alle våre reisande velkomen til den oppgraderte bussterminalen!

Her er terminalkart gjeldande frå 1. oktober 2018. 

Den 1. oktober blei terminalen opna. Her er nokre bilete fra opninga.