Ny terminal til snøggbåtane

Published: 11/24/2017 Changed: 11/24/2017

Den nyoppussa terminalen på Strandkaien er opna.

Nye Strandkaiterminalen 

Den nye terminalen omfattar to spesialdesigna lehus, universelt utforma kaiområde og nytt brusteinsdekke. Totalprisen er 7,5 millionar kroner. Utbygginga er finansiert gjennom Bergensprogrammet, eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen.

Leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland, Jon Askeland, som og er ordførar i Radøy, opna offisielt den nye terminalen.

– Eg synest den er blitt svært flott. Vi skal gratulere kvarandre, bergensarar og vestlendingar. No har vi fått eit løft for knutepunktet for båttrafikken. Vi er på historisk grunn. Dette har vore møteplass for båttrafikken til og frå Bergen. Vi satsar på kollektivtrafikken, og med dette kan vi få fleire reisande, sa Jon Askeland.

Den nye Strandkaiterminalen gjer det lettare å reise med snøggbåt. To nye og romslege lehus, eit av dei ut mot busstoppet, gjev ly for ver og vind. Asfalten er skifta ut med 750 kvadratmeter ny brustein. Trafikkøya er utvida for å gje plass til gangareal på begge sider av lehuset, som har to billettautomatar og infoskjerm. Lehuset mot hamna har fastmonterte benkar og lys i taket. Nye søyler informerer om kvar dei ulike båtane legg til kai.

Arbeidet med den nye terminalen starta for eit halvt år sidan. No er Strandkaien endeleg blitt ein komplett brusteinsgate. Området er universelt utforma og har fått leielinje med ulike typar storgatestein for at alle kan gå trygt langs kaikanten. Dei nye lehusa gjev godt ly mot ver og vind og er laga i varmegalvanisert stål med fasade av glass som er varmeforsterket og laminert.

 Leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland, Jon Askeland, som og er ordførar i Radøy, opna offisielt den nye terminalen.

Leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland, Jon Askeland, opna offisielt den nye terminalen. Foto: Hordaland fylkeskommune

750 kvadratmeter med ny brustein er lagt på området.

750 kvadratmeter med ny brustein er lagt på den nye terminalen. Foto: Hordaland fylkeskommune

Les meir på Hordaland fylkeskommune