Ny oppdatering i Skyss Billett-appen

Published: 6/4/2021 Changed: 6/4/2021

Skyss har gjort ein ny oppdatering i appen Skyss Billett som gjer det enklare å få rabattar.

Ved kjøp av billettar i app, kjem desse rabattane automatisk: 

  • Familierabatt 
  • Grupperabatt  
  • Grupperabatt båt 
  • Tur-returbillett båt

Rabattar på buss, bybane og Askøybåten 

Familerabatten gjer at ein vaksen med gyldig billett (enkeltbillett eller periodebillett) kan ta med seg inntil fire barn mellom 6 og 17 år gratis på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar. 

På buss, bybane og Askøybåten får 10 eller fleire som reiser saman, 17 prosent grupperabatt på ordinær vaksenbillett. 

Rabattar på båt 

Grupperabatt for båt gjeld ved kjøp av 10 eller fleire enkeltbillettar og gir 25 prosent rabatt på ordinær vaksenbillett.  

Tur-retur-billett for båt gjeld på lengre strekningar og gir dei vaksne 50 prosent rabatt på returreisa ved kjøp av denne billettypen i appen.  

Les meir om vilkår for billettar og prisar for båt

Korleis kjøpe tur-retur-billett:

  • Endre fra "Buss, Bybane og Askøybåt" til Båt øverst i "kjøp enkeltbillett"-sida 
  • Finn din reise 
  • Velg tur-retur 
  • Velg antall vaksenbillettar 
  • Appen reknar ut rabatt 
  • Kjøp billett 
  • God tur!

OBS! Retur må finna stad innan 15 dagar.