Nye elferjer i Austevoll

Published: 4/17/2018 Changed: 5/3/2018

Elferja MF Møkstrafjord vert sett i drift i sambandet Krokeide-Hufthamar den 17. april. Ferje er den første i ei rekke nye elektriske ferjer.

Frå nyttår starta Skyss opp ein ny generasjonen ferjekontraktar i Hordaland. Dei inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk. Skyss går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av drivstoff vesentleg. 

Dei to første sambanda ut er Austevoll-sambanda med Fjord1 som ny operatør. 

Elferja MF Møkstrafjord vart bygd ved Tersan Yard i Tyrkia. Ferja har plass til til 130 personbileiningar og 395 passasjerar. Ho er 122 meter lang og går med ein fart på 13,5 knop. 

MF Horgefjord, som også skal inn i ruta på Krokeide-Hufthamar, blir ferdigstilt i Tyrkia i løpet av våren/sommaren og satt i drift i Austevoll-sambandet sommar/haust 2018. MF Horgefjord har plass til 120 personbileingar og 349 passasjerar.

Dei nye fartøya er svært stillegåande og salongane oppe har store vindauge som gjev mykje utsyn til det vakre landskapet.  Det vil vera kioskar med rikt utval av varer i tråd med Fjord1 sitt Ferdamat-konsept.  Kioskane vil vera betjent på dagtid og sjølvbetjent på sein kveld og nattetid. Dette sikrar at passasjerane alltid vil ha tilgang til vareutvalet om bord.

ELEKTRISK SYSTEM

Kraftelektronikk og batterisystem vert levert av Siemens, ein av verdas leiande leverandørar av diesel-elektriske framdriftssystem.  Ferjene har ei hybrid løysing, det vil seie det er installert motorar i tillegg til batteri. Det er soleis full redundans i tilfelle noko skulle skje med batteria.

Det går litt tid før ferja blir drive av straum. Prosjektdirektør i Fjord 1, Nils Kristian Berge, fortel at det må ombyggingar til på landsida.

– Straumen vert henta frå BKK sitt nett på Krokeide og frå Austevoll Kraftlag sitt nett på Hufthamarsida. Kraftselskapa er i gang med oppgradering av nettet slik at dei kan levera den straummengda som er naudsynt for å lade ferjene. 

OMBYGGING

Sjølve kaiane må også tilretteleggjast. 

– Anleggsarbeidet på kaiane startar opp no i april månad. Det er mykje som skal på plass på kaiane og igangkøyring av ladeanlegget vil skje som planlagt mot slutten av året. Kaiane på Krokeide og Hufthamar skal byggjast ut med ladesystem til MF Møkstrafjord og MF Horgefjord som skal trafikkera dette sambandet. Det skal monterast eit ladetårn på kvar kai. Ladepluggen i tårnet koplar seg automatisk til ferja når den legg til kai og overfører straum som ladar batteria ombord i fartøya ved kvart anløp. Kaiane skal og utrustast med ein fortøyningsautomat som held ferja i posisjon under kailiggje. Fortøyningsautomaten er i prinsippet ei stor plate som syg seg fast i skutesida ved hjelp av vakuum prinsippet. Til- og frå kopling av utstyret er automatisert og styrt av system ombord i ferja og på land sida, forklarar Berge. 

I fjor frakta sambanda i Austevoll 370.000 køyretøy og 715.000 passasjerar.

Sjå ein liten video frå båten

Her kan du lese om opninga 17. april

Her kan du lese meir om: