Nordhordland: Auke i bussavgangar frå 29. april

Published: 3/29/2019 Changed: 3/29/2019

Frå 29. april vil det dagleg gå fleire bussar mellom Bergen og Knarvik. Totalt inneber styrkinga av tilbodet på linje 300 og 300E at det blir 19 nye avgangar kvar helg, og tre nye avgangar om ettermiddagen kvardag. Styrkinga av tilbodet vert i hovudsak gjort med grunnlag i passasjertal frå perioden etter den nye linja vart etablert hausten 2018.

Hovudtrekka er som følgjer:

  • Det vert 15 minuttars frekvens på større delar av dagen på kvardagar. Dei nye avgangane går frå Bergen klokka 17.15 og 17.45 samt ein ekspressbuss klokka 16.30 frå Knarvik til Bergen.
  • På laurdagar vert det 15 minuttars frekvens midt på dagen mellom klokka 11.30 og 13.30 til Bergen og mellom 12.30 til 14.30 frå Bergen.
  • Det vert 30 minuttars frekvens på søndag ettermiddag mellom klokka 13.00 og 21.00.

Det vert òg gjort mindre endringar på linje 320, 372 og 380 frå 29. april. Desse endringane blir i hovudsak gjort på bakgrunn av tilpassing til skolar.

Reiseplanleggar og Skyss mobilapp er oppdatert med dei nye avgangane. Ein kan òg finne rutetabellane her: