Munnbind er anbefalt

Published: 10/29/2020 Changed: 2/22/2021

Munnbind er anbefalt når ein ikkje kan halde ein meter avstand.

Munnbind er anbefalt på kollektivtrafikk og på innandørs stasjonsområde når 1 meter avstand ikkje er mogleg. 

Avstand er framleis det viktigaste tiltaket for å førebygge smitte. Det er passasjerane sjølve sitt ansvar å skaffe og gå med munnbind. Sjåfør/mannskap har ikkje moglegheit til å kontrollere om passasjerane har munnbind. Ikkje ta av deg eller kast munnbindet før du er ute av transportmiddelet og har forlate området med trengsel. Meir om munnbind og korrekt bruk finn du her

Helsemyndigheitene tilrår ikkje munnbind for barn under ungdomsskolealder. Barn under 2 år skal ikkje bruke munnbind.

 

Smitteverntiltak for skoleskyssen

Det er eigne nasjonale råd som gjeld smitteverntiltak for skoleskyssen. Desse går fram av rettleiarane for smittevern for skoletrinna. Les meir om kva råd som gjeld her.