Miljøpris til Hordalands elferjer

Published: 11/24/2016 Changed: 11/24/2016

Hordalands miljøkrav i ferjeanbod blei kåra til «Årets lokale klimatiltak» i KS’ og miljøstiftelsen ZEROs årlige klimakonkurranse for kommunesektoren som ble delt ut på Zerokonferansen onsdag 23. november. 

Fylkesvaraordfører i Hordaland Pål Kårbø og direktør i Skyss Oddmund Sylta tar nøgd imot miljøprisen. Foto: Zero 

Miljøkrav i ferjeanbod med elferjer vil gi opp mot 90 prosent utsleppskutt, og difor blei tiltaket eit av fem nominerte til prisen.

Det kom inn rekordmange søknader og det var usedvanlig sterk konkurranse om topplassane i år.
– Dette viser at det grøne skiftet er i gang i kommune-Noreg, seier juryen, som består av Kristin Halvorsen, direktør for Cicero og tidlegere statsråd, Gunn Marit Helgesen, styreleder i KS, tidlegere statsråd Odd Einar Dørum og ZEROs leder Marius Holm.

Miljøkrav i anbod gir grøn næringsutvikling
Hordaland fylkeskommune har satt krav om utslippskutt på minst 55 prosent i anbodene for sine 17 ferjestrekninger, kor de sju første er tildele i år. Med eldrift på desse sju strekningane oppnår ein kutt på meir enn 87 prosent av utsleppa sammenligna med eksisterande ferjer.
– Dette er eit svært viktig føregangsprosjekt som viser krafta i å stille sterke miljøkrav i offentlige innkjøp. Tiltaket vil ha store ringverknader til andre fylkeskommunar og bidrar til ei grønare skipsnæring, fastslår juryen.

Direktør i Skyss, Oddmund Sylta, er veldig nøgd med å motta denne prisen.

– Det er veldig kjekt å sjå at dette blir lagt merke til. Fylkesferjene har eit utslepp av klimagassar som er større enn det samla utsleppet frå alle bussane i Hordaland. Ein reduksjon på 87 prosent i klimagassutsleppa frå ferjer betyr difor svært mykje, seier Sylta.

Det er sett strenge miljøkrav i anboda.

– Samspelet mellom modige politikarar som set retning og innkjøpsorganisasjonen som klarer å få gjennomslag, skal ha æren for prisen. Det at vi stiller krav til utslepp og lar leverandørane komme med dei beste løysingane, er banebrytande, legg Sylta til. 

 

Illustrasjon på miljøferje. Foto: Fjord 1