Linje 44 – Haakonsvern er nedlagt

Published: 8/14/2017 Changed: 8/14/2017

Frå 14. august er linje 44 Haakonsvern – Loddefjord – Bergen busstasjon nedlagt. Ressursane blir overført til linje 42 og 43, slik at tilbodet blir bevart, men bussane vil ikkje køyre inn på området til Sjøforsvarets base på Haakonsvern. Årsaka til nedlegginga er at kontrollar i porten på Haakonsvern ofte medførte forseinkingar på ruta og desse problema fekk konsekvensar for fleire ruter i området.

Slik finn du rutene:

I appen Skyss Reise

I pdf-rutetabellane 42 og 43