Ladbare trolleybussar i Bergen

Published: 5/14/2018 Changed: 5/14/2018

Hordaland fylkeskommune får 29,6 millionar kroner av Enova til å lenge trolleybusslinja frå Bergen sentrum til Laksevåg og innføre bussar som ladar under køyring. Totalt vil satsinga koste 80 millionar kroner.

Trolleybuss2_1000px.jpg

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Dette er eit godt miljøtiltak. Vi får ei heilelektrisk pendellinje mellom Birkelundstoppen, Bergen sentrum og Laksevåg. Områda er tett befolka, og busslinja skal ha høg frekvens og stor kapasitet. Dette vil gjere busstrafikken i Bergen meir miljøvenleg og redusere utsleppa, samstundes som dei reisande skal få eit kvalitetsmessig betre kollektivtilbod, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti, er og godt nøgd med satsinga.

– I Bergen har vi lang erfaring med elektriske trolleybussar som no blir vidareført med høgteknologiske bussar. Eg er veldig glad for at vi får testa ny teknologi og trappa opp kollektivtilbodet på Laksevågsida på same tid, seier Anna Elisa Tryti.

Nasjonalt pilotprosjekt

Denne satsinga blir eit nasjonalt pilotprosjekt der elektriske bussar for første gong i Noreg kan lade mens dei køyrer. Bergen har hatt trolleybussar sidan 1950. No skal den 6,5 kilometer lange strekninga mellom Strandkaien og Birkelundstoppen moderniserast og lengast med 4,5 kilometer ny køyreleidning til Lyngbø på Laksevåg.

Ladbare trolleybussar blir innført for å sikre stabil drift og ha fleksibiliteten til batteribussar. Dei kan mellom anna køyre delar av strekninga i Bergen sentrum og over Puddefjordsbroen utan å vere tilkopla straumnettet. Dermed blir det berre bygt ny køyrleidning frå Puddefjordbrua til Lyngbø og ein slepp dyre og teknisk krevjande investeringar i sentrum. Og med lading undervegs slepp ein areal og ressursar til å lade bussane ved endehaldeplass.

Undervegslading for andre typer transport

Enova som bidreg med nær 30 millionar til bygginga av 4,5 kilometer ny køyreleidning, meiner undervegslading er eit spennande konsept å teste ut:
– Bussane får bruk for mindre batteri, og det trengst ikkje areal til ladeanlegg. I tillegg slepp bussane å bruke tid på å lade. Med prosjektet i Bergen får vi erfaringar som blir nyttig og for andre typar køyretøy der undervegslading kan bli relevant, som til dømes godstransport, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Køyreleidning alt på plass

Bergen er einaste norske by med ei eksisterande køyreleidning og har difor den beste føresetnaden for å ta i bruk lading under køyring i Noreg. Ruter i Oslo og Sør-Trøndelag fylkeskommune har uttrykt interesse for å følge prosjektet i Hordaland.

Traseen langs trollebussruta skal få standardheving med nytt veglys og oppgraderte haldeplassar. Samstundes jobbar Hordaland fylkeskommune for at trolleybussane skal kome raskare fram. Samla sett får kollektivtilbudet på Laksevåg auka kvalitet. 
Driftsstart blir i desember 2020 når ny busskontrakt for ruta blir sett i verk. Elektrisiteten skal vere garantert fornybar, skal erstatte bruk av fossil energi og redusere lokale utslepp og CO2-utslepp.

Utbygginga blir finansiert med støtte frå Enova og midlar gjennom Miljøløftet som er eit samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og kommunen om mellom anna betre kollektivtrafikk i Bergen.

Saka er henta frå Hordaland fylkeskommune si nettside