Kortlesar bak i bussane vert fjerna

Published: 7/1/2019 Changed: 7/1/2019

Sotra, Askøy og Øygarden har nyleg fått heilt nye bussar, og desse har ikkje kortlesar ved bakdøra. Nye bussar blir frå no leverte utan kortlesar ved bakre dør, og i august fjernar vi dei bakre kortlesarane i alle bussane i fylket.

Den fremre kortlesaren ved sjåføren blir verande i bussane. 

7 av 10 brukar mobilen til å kjøpe billett, og det er stadig færre som brukar kortlesarane på bussane. For å forsøke å gjere påstiginga så smidig og køfri som mogleg, oppmodar vi passasjerane til å bruke den inngangen som passar best til den billettypen ein har. 

Gå inn framme om du har: 

  • Skysskort med reisepengar/Favoritt
  • Kjøpt billett i kiosk eller butikk
  • Kjøpt periodebillett på Skysskort og skal starte opp/aktivere ny periode
  • Skolekort/Skoleskyss

Kan bruke alle inngangane om du har: 

  • Mobilbillett
  • Skysskort med periodebillett som du allereie har aktivert første dagen for perioden 

Her er ein av dei nye bussane til Bergen Vest, den har ikkje kortlesar ved bakdøra. 

 

Slik kortlesar ved bakdøra finn du ikkje lenger i bussane frå hausten av.