Korona: Oppmjuking av tiltak på buss, bane, båt og ferje

Published: 7/9/2020 Changed: 7/9/2020

Helsedirektoratet publiserte 2. juli ein oppdatert nasjonal rettleiar med råd for smittevern i kollektivtransporten.

I rettleiaren er det innført ein trafikklysmodell for gradering av smitteverntiltak. Det er nasjonale myndigheiter som set tiltaksnivået, og per 30. juni er det nasjonale tiltaksnivået sett til gult. 

Dei nye råda inneber ei oppmjuking som vil gi noko auka kapasitet i kollektivtrafikken. Sperremerkinga på seta vert difor fjerna, med nokre unntak som der seta er vende mot kvarandre og seta rett bak sjåfør. Bussane vil stoppe på alle haldeplassar som i ein normal situasjon. Sperremerkingane blir fjerna fortløpande.

Framleis må dei reisande sjølv ta ansvar for å berre gå om bord dersom ein kan halde avstand til andre. Det er nødvendig å unngå kontakt ansikt til ansikt, ikkje stå inntil seteradene og stå spreidd i dei opne områda. Ved å sitte skulder ved skulder er det mogleg å avgrense ansiktskontakt, som er viktig for å hindre smitte. 
Bruk av sitteplassar skal derfor prioriterast framfor ståplassar. 

 båt blir det no mogleg å lese av reisekort på kortlesaren og betale med bankkort .