Kjøp billett til båt i Skyss Billett-appen!

Published: 3/20/2020 Changed: 3/20/2020

No kan du kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar til båt i Skyss Billett-appen for desse sambanda:

  • Nordhordlandsruta
  • Sunnhordslandsruta
  • Lokalbåt Austevoll
  • Rekstern – Våge – Os
  • Rosendal – Bergen
  • Hellesøy – Hernar
  • Espevær – Eidesvik

Merk: Askøyruta ligg ikkje under båt sidan denne er innanfor Sone A og følgjer same pris som buss.

Slik kjøper du billett:

  1. Opne Skyss Billett-appen. 
  2. Trykk på «Endre»-knappen ved «Buss, bybane og Askøybåt» og vel «Båt»
  3. Skriv inn frå og til ønska båtkai
  4. Vel riktig billettkategori (vaksen, barn, honnør, student eller militær) og betalingsmåte
  5. Motta billett 

Under "Meny" kan du velje mellom enkeltbillett eller periodebillett. Det er ikkje mogleg å kjøpe tur/retur-billett, familiebillett eller gruppebillett til båt i appen. Det er heller ikkje mogleg å kjøpe kombinasjonsbillettar (t.d. buss og båt).

Appen treng ikkje oppdatering, men det kan vere naudsynt å lukke appen og opne den på nytt første gong.