Kjære hordalending

Published: 12/20/2018 Changed: 12/20/2018

Både nasjonalt og lokalt er det vedteke mål om at det ikkje skal bli fleire bilar på vegane i storbyane enn det er i dag. Kollektivstrategien for Hordaland syner korleis kollektivtrafikken kan bidra til å nå dette målet, og i tråd med denne arbeider vi i Skyss med å utvikle tilbodet, gjere det enkelt og effektivt å reise og ha miljøvennleg drift.


Ein av fleire bussar frå Pepperkakebyen 2018. 

Å frakte barn trygt til og frå skulen er eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga vi har i Skyss.

Andre stader i verda er det eit stort problem at det ligg skjulte landminer på skulevegen. Om dei ikkje blir fjerna ligg dei der heilt til nokon tråkker på dei. Kvar time vert nokon skada eller drepe av ei landmine eller klasebombe. Mange av desse er barn.

Dette året går julegåva frå Skyss til Norsk Folkehjelp og deira arbeid for minefrie skulevegar. Norsk Folkehjelp arbeider med minerydding for å trygge bustadområde, jorde og skulevegar.

Det kostar 20 kroner å rydde ein meter skuleveg fri for landminer. Det betyr at gåva frå Skyss kan gje 500 meter minefri skuleveg og bidra til å redde livet til skulebarn.

Vi vil gjerne nytte høvet til å takke deg som reiser kollektivt! Vi vil framleis gjere vårt beste for at du skal få ei triveleg, rask og trygg reise. Vi vil også takke leverandørane våre av buss-, båt- og bybanetenester for produktivt samarbeid i året som ligg bak oss.

Vi ynskjer deg ei god reise i julehøgtida og dei beste ynske for jula og det nye året.

 

Med beste helsing

Alle oss i Skyss