Kjære hordalending!

Published: 12/10/2015 Changed: 12/15/2015

Direktør i Skyss, Oddmund Sylta

Stortinget og Fylkestinget har vedteke at det ikkje skal bli fleire bilar på vegane i storbyane enn det er i dag. Kollektivstrategien for Hordaland syner korleis kollektivtrafikken kan bidra til å nå dette målet, og i tråd med denne arbeider vi i Skyss med å utvikle tilbodet, gjere det enkelt og effektivt å reise og ha miljøvennleg drift. Vi har fått fleire brikker på plass i året som gjekk, og vi ser fram mot nye milepelar i 2016.

Skyss fraktar stadig fleire kollektivreisande i Hordaland, kvar dag gjennom heile året. For kvar avgang er det mykje som må planleggast og leggast til rette slik at du skal kome deg raskt, trygt og komfortabelt fram til reisemålet ditt.

Vi vil gjerne nytte høvet til å takke deg som reiser kollektivt! Vi vil framleis gjøre vårt beste for at du skal få ei triveleg, rask og trygg reise. Vi vil òg takke leverandørane våre av buss-, båt- og bybanetenester for produktivt samarbeid i året som ligg bak oss.

Dette året går julegåva vår til Røde Kors.

På vegne av oss i Skyss ønskjer eg deg ei god reise i julehøgtida og dei beste ønske for jula og det nye året.

 

Med beste helsing

Oddmund Sylta

Direktør i Skyss

 

Sjå gjerne filmen vår om kollektivstrategien her.