Innføring av AutoPASS på ferjer frå 1. april

Published: 3/1/2019 Changed: 3/1/2019

Det blir innført AutoPASS-brikkebetaling på Duesund–Masfjordnes og ferjene i Austevoll frå og med 1. april 2019

Det blir nye takstar for køyretøy. Alle gåande, syklande og passasjerar i køyretøy reiser gratis. Innføringa vart vedteken i Nasjonal transportplan 2014 – 2023.

For å få rabatt for køyretøy, må du ha AutoPASS ferjeavtale og AutoPASS brikke. Om du allereie har ein AutoPASS-brikke i bilen, kan du nytte denne. For å få full rabatt (50 % for privatpersonar og 40 % for bedrifter), må du teikne ein AutoPASS ferjeavtale i tillegg og knytte denne til brikka. Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand.

Har du berre AutoPASS-brikke utan ferjeavtale, får du 10 % rabatt. Merk at du må ha brikka på plass i bilen for å få rabatt!

Gamle ferjekort/ verdikort kan ikkje nyttast på desse ferjesambanda etter 1. april. Har du ikkje brukt opp det gamle ferjekortet/verdikortet ditt før 1. april, kan du få refundert restverdien.

 

Det er framleis mogleg å kjøpe billett manuelt når du køyrer om bordBillettøren på ferja nyttar eit apparat til å lese av AutoPASS-brikker. Dersom du ikkje har brikke, kan du kjøpe billett som vanleg.

 

For busspassasjerar, fell avgifta på ferja bort, sånn at prisen blir etter kor mange soner du køyrer i. 
Sjå billettar og prisar her

 

 

Ferjetakstane - prisar som gjeld frå 1. april 2019

 

SPØRSMÅL OG SVAR

Kva betyr dette?
Du betalar for bil med brikke. Passasjerar er gratis. Du kan i tillegg betale med bankkort eller kontant, men då får du ingen rabatt.  

Har ikkje brikke/brikka fungerer ikkje?

Bestill brikka på www.autopass.no

 

Korleis inngå AutoPASS ferjeavtale?

Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand. Dette er NOK 3 500 for personbilar, som tidlegare med ferjekort.

 

Har du allereie eit AutoPASS ferjekort?

Då har du også ein AutoPASS-ferjeavtale. Du må knytte AutoPASS-brikka til avtalen din for å få rabatt. Autopass ferjekort kan nyttast på alle samband som ikkje har brikkelesing (gjeld nesten alle andre). Du betalar ikkje ekstra forskudd for å ha eit sånt kort i tillegg til brikka. 

 

Kva skjer med gamle verdikort/ferjekort?

Verdikort kan ikkje nyttast på Krokeide – Hufthamar, Sandvikvåg – Husavik eller Masfjordnes –Duesund frå 1. april 2019. På ferjesambanda som enno ikkje har innført AutoPASS, kan verdikort nyttast til og med 30. juni 2019.

 

Kva med el-bil?

Om du har el-bil, skal du registrere denne som vanleg bil. Du treng ikkje foreta deg noko meir enn dette. El-biler får i høve til takstregulativet 50 % av ordinær takst, og det vert gitt ytterlegere avtalerabattar på dette. Det vil seie at om vanleg full pris for personbil er kr. 100, vil el-bil ha full pris på kr. 50.

I tillegg får du 50 % rabatt med AutoPASS ferjeavtale (40 % for firmakundar), eller 10 % brikkerabatt dersom du berre har brikke, men ikkje AutoPASS ferjeavtale. 

 

Kva skjer om eg har med tilhengar?
Du registrerar bil på vanleg måte når du inngår avtaler. Er bil pluss hengar så lang at du går opp i ny prisklasse, betalar du for det, men mister ikkje rabatt.

 

Kva med bedrift?
Det er same krav som for privatpersonar, men forskudd blir betalt per køyretøy. Ein kan knytte så mange køyretøy ein vil opp mot same avtale. Gjennom autopassferje.no - min konto, kan bedrifta hente ut fakturagrunnlag med meir. 

 

Hvordan kjøpar eg billett til buss?
Du gjer det på vanleg måte, i app, billettmaskin eller hos sjåfør for dei sonene du skal reise i. Men du betaler ikkje lenger noko for ferja. 

 

Eg har allereie kjøpt periodebillett på buss med ferja inkludert. Korleis får eg pengane att?
Ta kontakt med Skyss kundesenter, så blir det ordna. 

 

Kven har bestemt prisane?
Statens vegvesen har berekna prisane i samband med overgangen og prisane er fastsette gjennom Autopassregulativet. For Austevoll-sambanda er det i tillegg bompengar. Dette er for vegar som er bygga på Austevoll. 

 

Sånn kan du få refundert restbeløpet på verdikortet:

Austevoll-sambanda:
Gi kortet til ein billettør om bord, som vil gi deg kvittering med ein pinkode og kortnummer. Gå inn på www.fjord1.no, «Refusjon verdikort», og følg rettleiinga. Restbeløpet vil normalt bli refundert til bankkontoen din innan ei veke.

Masfjordnes-Duesund:
W
ergeland nyttar refusjonsordninga til Norled, som du finn på norled.no

Kva med sykkel
Sykkel er gratis på ferja.

 

Kva med dei andre sambanda?
Sambandet Husavik – Sandvikvåg og Masfjordnes-Duesund var først ut i Hordaland med AutoPASS.
Dei resterande fylkesvegsambanda i Hordaland får etter planen AutoPASS med brikkebetaling i 2020.