Her er ny reiseplanleggar

Published: 11/5/2019 Changed: 11/5/2019

Reiseplanleggaren på nettsida er heilt fornya.

Den nye reiseplanleggaren har ei ny teknisk løysing som leverer datagrunnlaget, og den har samstundes fått ny og brukarvennleg utsjånad. 

Nye funksjonar i løysinga er blant anna:

  • Du kan sjå sanntid - altså ein oppdatert prognose for når bussen faktisk kjem
  • Avviksmeldingar rett på linja og avgangen din 
  • Mogleg å vise rutetabellar for ei veke. 
  • Dei sist brukte søka vert lagra

Du kan søke frå framsida på skyss.no eller du kan bokmerke reise.skyss.no.

Vi set stor pris på alle innspela som har kome frå dykk som har testa den nye planleggaren. Vi er allereie i gang med å utvikle nye funksjonar baserte på innspela.

Her finn du den nye reiseplanleggaren

Skyss Reise-appen har også vore til service og den nye versjonen er blant anna blitt meir stabil.
Du kan laste ned Skyss Reise-appen her