Har du eit gammalt Skysskort?

Published: 12/6/2018 3:07:04 PM Changed: 12/6/2018 3:07:04 PM

Dei blir forelda 1. januar 2019.

Dei første Skysskorta blei tatt i bruk for meir enn 10 år sida. 

Dei eldste blir no forelda og du kan ikkje nytte desse korta frå 1. januar 2019. I hovudsak gjeld dette kort som kundar i områda Austevoll, Sunnhordland, Nordhordland, Voss og Hardanger fekk. 

Korta har gammalt design og er kvit og grøn, sjå bilete øvst på sida. 

Har du framleis reisepengar på kortet som du ikkje får nytta, må du først skaffe deg Skyss Billett-appen eller eit nytt Skysskort for å kunne få overført pengane frå det gamle kortet.  

Slik gjer du det: 

  • Last ned Skyss Billett-appen - sjå oppskrift her
  • Når du har fått den installert på mobiltelefonen din, tar du kontakt med Skyss kundesenter på telefon 55559070 eller besøk oss på Bergen busstasjon for å få overført pengane. Hugs å ha det gamle kortet med deg. 

Eller

  • Bestill nytt Skysskort på Skyss.no - her finn du bestillingsskjema
  • Etter du har fått Skysskortet i posten, tar du kontakt Skyss kundesenter på telefon 55559070 eller besøk oss på Bergen busstasjon for å få overført pengane.

Skal du ordne dette for ein annan enn deg sjølv, krevst det legitimasjon og fullmakt.