Gode passasjertal på regionstamlinja til Nordhordland

Published: 5/20/2020 Changed: 5/27/2020

Regionstamlinja til og frå Nordhordland er no evaluert, og resultata viser ein gledeleg passasjervekst, spesielt knytt til fritidsreisande.

Passasjervekst samla for linje 300 og 300E (ekspress):  

  • 23 % auke på kvardagar, tilsvarande 1129 passasjerar per dag
  • 40 % auke på laurdagar, tilsvarande 1067 passasjerar per dag
  • 34 % auke på søndagar, tilsvarande 500 passasjerar per dag

I tillegg til den generelle veksten syner resultata ein auke i talet på reiser på laurdagar og søndagar. Dette tyder på at fleire nyttar seg av kollektivtransport til fritidsreiser til og frå Nordhordland.

 Framgangen til regionstamlinja i Nordhordland er særs gledeleg. Det er dette me jobbar for – nemleg å skape betre tenester, som fleire nyttar seg av. Samstundes skal Skyss ha ros for måten dei jobba fram endringane på, med fokusgrupper, der dei tek dei reisande på alvor, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Forenkla tilbod
Hausten 2018 vart det gjort større endringar i rutetilbodet for buss mellom Nordhordland og Bergen, der tilbodet vart vesentleg forenkla. Hovudendringane var at det vart etablert ein ny, enkel og raskare linje mellom Knarvik og Bergen, regionstamlinje 300. Linje 300 stoppar for på- og avstiging på alle haldeplassar langs traseen, og gir såleis eit tilbod for fleire også i Åsane. Alle avgangar går om Flatøy for å gi overgang til og frå Meland på linje 340. Linje 300 køyrer ikkje om Vikaleitet og Nyborg, men stoppar på Åsane terminal og køyrer gjennom Fløyfjellstunnelen. Linje 300 har ekspressavgangar i rushtida, linje 300E. 300E køyrer utan stopp mellom Flatøy terminal og Bergen busstasjon.

 Alle endringar medfører betring for nokon, men kanskje ikkje for alle. Det å tilfredsstille alle sine behov for kollektivtenester er krevjande. Men, her har Skyss lukkast svært godt, når det er så flott auke i tal reisande. Eg vil takke alle våre nye reisande, og Skyss for auken i kollektivreisande, seier fylkesordføraren.

Regionstamlinje i tråd med kollektivstrategi og trafikkplan

Skyss hadde ein lang og grundig prosess før omlegginga, med fleire politiske vedtak og lokal forankring. Det er jobba systematisk ut frå planleggingsprinsippa i Kollektivstrategi for Hordaland. Det vart gjennomført ei brei utgreiing, som enda i politisk vedtak om trafikkplan for Nordhordland. Planen gir føringar for rutetilbodet i Nordhordland i eit 2-10 års perspektiv. Her finn du trafikkplanen for Nordhordland.

 Konklusjonen av målingane syner at det har vore ein formidabel vekst i talet på reisande med kollektivtrafikk til og frå Nordhordland. Dette tyder på at vi har lukkast med etableringa av ei regionstamlinje, i tråd med kollektivstrategi og trafikkplan, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.