No vert det dyrare å snike

Published: 11/25/2015 Changed: 11/25/2015

No aukar gebyret om du ikkje har gyldig billett. Frå og med måndag 30. november må du betale 1150 kroner i gebyr om du ikkje har gyldig billett og gyldig dokumentasjon om du har krav på rabatt. Om du betalar gebyret på staden, vil det kosta deg 950 kroner. Det same gjeld om du er barn under 18 år.

Du er sjølv ansvarleg for å ha med gyldig reisebevis under heile reisa.

Frå denne datoen vil kontrollørane òg ha med seg mobiltelefonlader på kontrollane, slik at det vert mogleg å lada mobilar hos reisande som ikkje får vist billetten om mobilen er gått tom for straum.

Dei nye satsane er auka frå 750 kroner, og er fastsett i Transportvedtektene for Hordaland fylkeskommune, godkjent av Samferdselsdepartementet 1. september 2015.

Gebyret har vore uendra sidan 2003.