Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025

Published: 10/5/2017 3:16:16 PM Changed: 10/5/2017 3:23:54 PM

– Vi er offensive og stiller strenge miljøkrav, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø etter at fylkestinget i Hordaland går inn for å redusere utsleppa frå bussane. Målet er at busstrafikken i Bergen skal bli fossilfri innan 2020 og heile Hordaland innan 2025.



NYE KLIMAGREP:Eitt av tiltaka for å få ned utsleppa er lenging av Trolleybusslinja i Bergen. Foto: Hordaland fylkeskommune

– Klimautfordringane er den største utfordringa i vår tid. No tek vi nye grep for å få ned utsleppa frå kollektivtrafikken. Tidlegare har vi vedteke å redusere utsleppa frå ferjene våre, no er det bussane sin tur og deretter båtrutene seinare i haust, seier Pål Kårbø.

Biogass og elektrisitet

Vidare satsing på utbygging av Bybanen vil vere ryggraden i elektrifisering av kollektivtrafikken i Bergen. I tillegg vil lenging av trolleybusslinja og biodrivstoff føre til at busstrafikken i Bergen blir fossilfri i 2020. Utvida trolleybusslinje vil erstatte om lag 10 prosent av det totale energiforbruket til bussane i fylket i dag.

Biogass frå anlegget til Bergen kommune i Rådalen skal brukast til nye kontraktar i busstilbodet. Først ut er område Bergen nord. I alle nye bussanbod skal tilgang og pris frå lokalprodusert biogass bli vurdert.

Der det ikkje blir stilt krav om å elektrifisere bussdrifta eller bruke biogass, skal det stillast krav om berekraftssertifisert biodrivstoff. 

Redusert Co2-utslepp med 90 prosent

Frå 2016 til 2025 vil klimautsleppa i Hordaland bli redusert med 65 prosent som følgje av tiltaka. Frå 2025 vil ein omfattande overgang til elektrisk transport og lokal biogass redusere utsleppa av Co2-utsleppa frå bussane i Hordaland med over 90 prosent i høve 2016. Dette tilsvarar kuttet i Co2-utslepp i dei nye ferjekontraktane i fylket.

Dei samla kostnadene med å redusere klimautsleppa frå busstrafikken i Hordaland vil liggje på mellom 57 og 82 millionar kroner årleg. Dette tilsvarar fire til seks prosent av kontraktsverdien på bussanboda i dag. For tiltak i Bergen legg fylkestinget til grunn at dei blir finansiert gjennom den nye byvekstavtalen. 

Båtrutene for tur

Vedtaket i fylkestinget er basert på temaplan for låg- og nullutsleppsbussar i Hordaland som bygger på kollektivstrategi for Hordaland og miljøstrategi for Skyss. Det følgjer også opp ei rekkje politiske vedtak knytt til reduksjon av utslepp og klimapåverknad frå kollektivtrafikken.

Hordaland fylkeskommune arbeider og for å redusere utsleppa frå båtrutene i fylket. Temaplan «Trafikkplan båt» går til politisk behandling seinare i haust.

Saka er frå Hordaland fylkeskommunes nettsider