Ny generasjon ferjer

Published: 12/18/2017 Changed: 12/22/2017

Først ut er Austevoll-sambanda.

Skyss startar no opp ein ny generasjon ferjekontraktar i Hordaland. Dei inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, drivstoff-forbruk og energibruk. Vi går i hovudsak over til elektriske løysingar og reduserer totalforbruket av drivstoff vesentleg.

Dei to første ut er Austevoll-sambanda med Fjord1 som ny operatør. Dei startar 1. januar 2018, og dei resterande ferjesambanda startar 1. januar 2019 og 1. januar 2020.

Det kjem nye elektriske ferjer på desse sambanda etter kvart, og først ut er sambandet Krokeide-Hufthamar som i løpet av første kvartal får MF Møkstrafjord i ruta. Til sommaren 2018 kjem MF Horgefjord. 

MF Husavik, som skal inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg, blir ferdigstilt innan 2018.

Fram til dei nye ferjene er klare, skal MF Trondheim og MF Sulafjord trafikkere Krokeide-Hufthamar, og MF Vågsøy går inn i sambandet Husavik-Sandvikvåg.

Ny kontrakt vil medføre nokre endringar i rutetilbodet. Den årlege reguleringa av riksregulativet for ferjer, blir gjeldande frå 1. januar 2018.

Informasjon om rutetilbodet og billettprisane finn du på nettsida til Fjord1 

Rutetabellar for sambanda finn du og her (sjå side 24 og 25)

 

Her kan du lese meir om: 

MF Møkstrafjord

MF Møkstrafjord har plass til 130 personbileiningar og 299 passasjerar. Illustrasjon: Fjord1