Endra trasé for linje 27, 28 og 403

Published: 9/2/2016 Changed: 9/2/2016

Frå måndag 5. september, vil linjene 27, 28 og 403 få ny trasé ved Haukeland sjukehus. Bussane vil køyre Ibsens gate til Haukelandsveien i staden for opp Hunstadsvingen til Jonas Lies vei. 

Dette betyr at haldeplassane ved Kvinneklinikken og Jonas Lies vei ikkje lenger er i bruk.  

  • Linje 27 og 28 køyrer ordinær trasé fram til St. Olavs vei og deretter Ibsens gate. Siste stopp er Haukelandsveien.
  • Linje 403 køyrer heile Ibsens gate og siste stopp er Haukelandsveien.

Returar frå Haukeland blir som tidlegare.

Bakgrunnen for omlegginga er ønske frå fleire partar om mindre trafikk i området rundt Hunstad skole, samstundes som ein ønskjer å vidareføre busstilbodet for reisande til Haukeland sjukehus.

 

Bildet under viser ny trasé for bussane. Blå linje visar kor linje 27 og 28 vil køyre frå 5. september, og raud linje visar kor linje 403 vil gå.