Bybanen: Avkorta trasé i sommar

Published: 5/26/2020 Changed: 7/3/2020

Frå 13. juni kl. 04:15 til og med driftsdøgnet 9. august vil Bybanen køyre ein avkorta trasé på grunn av utbygging av Bybanen byggetrinn 4, mellom sentrum og Fyllingsdalen.    

Bybanen vil ikkje betene haldeplassane Byparken, Nonneseter og Bystasjonen i denne perioden. Reisande må difor bruke Nygård som start-/endehaldeplass i sentrum. 

Rutetabell for Bybanen i stengingsperioden (pdf)

Sidan Kaigaten er stengt, må bussar i stengingsperioden køyre Kong Oscars gate mellom Festplassen og Bergen busstasjon. 

Grunna avsperra område mellom fylkesbygget og Bergen busstasjon, så tilrår vi følgjande gangtrasear mellom sentrum og Nygård:

- Frå Byparken: Følg fortauet på austsida av Lille Lungegårds vann, og bort til gangfelt mot Bergen Storsenter. Gå til høgre inn i Strømgaten, og kryss to gangfelt for å kome deg inn i Lars Hilles gate. Følg Lars Hilles gate til haldeplassen på Nygård.

- Frå Nonneseter og Bystasjonen: Gå til utsida av Bergen busstasjon, ved perrong I (Fjøsangerveien). Følg skilting sørover mot enden av Bergen busstasjon (perrong P), og kryss 3 gangfelt for å kome deg bort til Media City Bergen. Gå enten opp trapp og gjennom tunnelen i Media City Bergen, eller gå rundt Wigandgården, og opp til Nygård.

- Frå Nygård mot sentrum: Gå gjennom tunnelen (og trapp) i Media City Bergen, eller gå rundt Wigandgården, mot Fjøsangerveien. Kryss tre gangfelt og gå på fortauet langs Bergen bussasjon heilt til du kjem til blomsterpaviljongen. Her går du ned i kulvert (under Strømgaten), og følger Lille Lungegårdsvann til Festplassen. 

Hugs at det fins mange bysyklar i Bergen sentrum, så sykle gjerne! Her finn du bysyklar. 

Reisande, som ikkje ønskjer eller klarar å gå mellom sentrum og Nygård, kan nytte følgjande busslinjer: 

  • Buss for bane mellom Byparken og Nygård.
    • Trasé: Nygård - Bergen busstasjon I - Festplassen K - Bergen busstasjon B - Nygård - Florida - snur i rundkøyringa i Strømmen - Florida - Nygård.
    • Tidsperiode: Måndag - fredag kl. 7.00 - 18.00. Laurdag og sundag kl. 10.00 - 18.00.
      Frekvens: Ca. kvart 10. - 15. minutt.
  • Linje 12 frå Festplassen eller Bergen busstasjon til Nygård. Linje 12 køyrer vidare til Landås via Møllendalsveien, med retur same trasé. 

  • Linje 13 frå Festplassen eller Bergen busstasjon til Nygård. Linje 13 køyrer vidare i einvegs trasé til Danmarks plass og Michael Krohns gate, og deretter Puddefjordsbroen tilbake til Festplassen. 

  • Linje 21 frå Bergen busstasjon til Nygård. Linje 21 køyrer vidare til Lagunen via Møllendalsveien og Landås, med retur same trasé. 

Reisande som har behov for kollektivtransport til/frå sentrum kan bruke følgjande busslinjer som alternativ til Bybanen: 

  • Reisande mellom Nesttun/Paradis/Wergeland og sentrum kan bruke linje 83 i begge retningar. Linje 83 køyrer i sentrum frå Småstrandgaten (haldeplassen foran Xhibitionvia Bergen busstasjonFjøsangerWergeland og Paradis til Nesttun. 

  • Reisande mellom Lagunen/Nesttun og sentrum kan òg bruke linje 21 i begge retningar. Linje 21 køyrer i sentrum frå Bergen busstasjon via Landås og Paradis til Nesttun og Lagunen. 

  • I rush køyrer òg linje 53 mellom Birkelandsskiftet/Lagunen og Bergen busstasjon. 

Bakgrunn for stenginga:

Bybanen Utbygging skal i sommar legge nytt spor ved haldeplassen i Kaigaten, og legge nye sporvekslarar utanfor Bystasjonen for å kunne kople til det nye sporet som skal gå via Haukeland til Fyllingsdalen. I tillegg skal det gjerast arbeid knytta til teknisk infrastruktur både over og under bakken fra Bystasjonen til Byparken.